Sandsøya

Sandsøya er ei øy i Sande kommune i Møre og Romsdal. Den ligg vest for Gurskøya ved utløpet til Hallefjorden og har eit areal på 11,38 km². Det høgaste punktet på øya er Rinden, omlag 370 moh. https://www.google.no/maps/place/Sands%C3%B8ya,+Sande/@62.2506406,5.4362851,13z/data=!4m2!3m1!1s0x461714006ac0d8ef:0x4245422840e1df01?hl=no

Her er ei nettside med oversikt over det som skjer på øya: http://www.sandsoy.no/

Her finn du Sandsøy Båtservice AS: https://www.google.no/maps/dir//62.2368344,5.4749084/@62.2385663,5.4021715,12z?hl=no

Her er ei fin nettside med værstasjon for Sandsøya: http://www.sandsoyveret.com/

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Opplevelse – sykling og turar:

Sandsøya er ei fin øy å sykle på, fin utsikt til havet og øyane rundt. Det kan vere fint å kombinere ein sykkeltur på Sandsøya med ein tur på ein av dei 8 fjelltoppane på øya eller ein tur i Dollsteinhola. Du kan også ta turen ein søndag når det er gudstjeneste eller ein dag det er konsert i Sande Kyrkje, då får du også sjå kyrkja innvendig.Turen går også forbi bygdemuseumet Breidablik, Sandshamna med butikk, fiskemottak, hummarpark, gjestebrygger og Fiskarheimen. Turen går også forbi 2 fuglefredingsområde, Storevika og Vågen.

Turruta – hvor skal du gå/sykle/padle?

Turen startar på Voksa ferjekai, du syklar nordover Voksavegen og over Marøya, tek du til høgre her kjem du til Flatøy Holidays med aktivitetar for store og små. Frå Marøya går turen over Trettholmane, vidare over brua, når du er komen over brua kjem du inn på Sandsøya og har då Storevika fuglefredingsområde på høgre sida. Når du har sykla 3,5 km frå ferjekaia kjem du til eit vegkryss, då tek du til venstre mot Skare, så syklar du vestover ca 800m, då er du ved Sande kyrkje, her kan det vere fint å ta seg ein tur ned til kyrkja, kyrkjesanden og kyrkjevoren. Vidare syklar du 1,5 km vestover, då kjem du til Skare med flott utsikt mot Dollsteinen i nord, havet i vest og Riste i sørvest. På siste stykket ut til Skare er einaste bakken på turen. På Skare ligg Skare Feriehus med hytteutleige. Frå Skare syklar du tilbake til kyrkja, ca 100m etter kyrkja er der eit vegkryss, då syklar du opp til venstre så kjem du til Breidablik bygdemuseum etter ca 700m. Herifrå fortsetter du vidare austover ca 500m då kjem du til eit vegkryss ved skulen, der tek du til venstre og syklar nordvestover på sørsida av Vågen fuglefredingsområde ca 2,5 km då kjem du til Våge, der tek du til venstre og syklar til vegs ende i Hellandsvågane, ca 2 km, der dei siste 750 meterane er på grusveg. Ca 100 m før snuplassen i Hellandsvågane går der ein veg nordover, parker syklane og gå dei 250 meterane vegen er, då kjem du til hamna med naust og eit gamalt ishus. Frå Hellandsvågane må du sykle same vegen tilbake, når du kjem til vegkrysset på Våge syklar du beint fram i ca 1,5 km då kjem du til området der Arthurspelet vert arrangert i August annankvart år. Vidare syklar du 400m då kjem du til Sandshamna med butikk, fiskemottak, hummarpark, Rosenlund med gjestehamn, overnatting og pub. Frå vegkrysset på Sandshamn syklar du sørover, etter ca 100m kjem du til Fiskarheimen, etter nye 400m kjem du til Mikkelholmen med rorbuer og utleigehytter. Etter nye 500m kjem du til eit vegkryss, du har no skulen beint framfor deg og Dollstun, forsamlingshuset på Sandsøya, til høgre for deg, her tek du til venstre og syklar ca 280m då kjem du til eit nytt vegkryss, her skal du til høgre for å kome til ferjekaia. Syklar du til venstre kjem du til Straumsneset og Toftesund der det var mekanisk verkstad, fiskemottak og hermetikkfabrikk tidlegare, no er området her utlagt til rorbuer og hytter. Syklar du beint fram i vegkrysset kjem du til Voren der du finn gravhaugar. Frå vegkrysset er det ca 4,3 km til ferjekaia. 250m etter vegkrysset passerar du Osehaugane Stadion.

Comments are closed.