Notvask

DSC_1120 DSC_1111

Vi har anskaffa ein moderne fjernstyrt notvaskar. Denne er beltedreven, og har kamera. Vaskaren har sju roterande skiver, og får kraft via ein Cummins common rail diesel motor på 300hk!

Vi har lang erfaring innan oppdrett, og veit kor viktig det er med rein not for å bevare fiskehelse og ein god produksjon. I kampen mot lakselusa, så er det ofte brukt leppefisk, og då må nota vere rein for å ha god effekt av rensefisk. Dette betyr at nota må vaskast ofte og grundig. Vi tar gjerne jobben!

For å ivareta sikkerheit og arbeidsmiljø, har vi satsa på ein fjernstyrt vaskar. Då kan operatør sitte i styrehuset på båten, og gjere heile nota rein. Kamera som er montert på sjølve vaskaren, gjev operatøren oversikt over det som skjer nede i nota. Vidare kan allt dokumenterast med video-opptak på minnebrikke.

Vårt utstyr er siste modell, og sikrar det beste resultatet. Motor og pumpe, er montert i støyisolert kabinett, som står i lasterommet på båten. Dette gjer det heile særdeles støysvakt, samtidig som utstyret er værna mot vær og vind. Vi har to skivevaskarar, ein 7 skiver beltegåande, og ein 3 skiver for manuell bruk på vankelige plassar.

Vi har gode rutiner for desinfeksjon av utsyret. Vi har med desinfeksjonsvæske i tankar, og kjøyrer dette igjennom slangar for total desifenksjon. Båt blir oversprøyta med desinfeksjonsvæske.

Vårt mål er å vere best på pris og kvalitet!

DSC_11222 DSC_11322

 

not3

7skiver

Hol i not funne under spyling:

Hol

Comments are closed.