Arbeidsbåten Rigid

DSC_1055  DSC_1070

Vi har ein kraftig stålbåt som arbeidsbåt. Denne er opprinneleg bygd som bunkersbåt ved Brastad Skipsbyggeri på Vestnes i 1966. Båten fungerte som bunkersbåt i Bergen i mange år, men vart seinare ombygd til brønnbåt. Båten romma ca 40m3 vatn, og kunne ta omlag 10 tonn slakte-klar fisk. Etter fleire år som teneste som brønnbåt, vart han i 1997 tilpassa som arbeidsbåt for oppdrett. Dette vart han brukt til vi overtok den i 2014.

Sandsøy Servicebåt har no tatt ei total oppgradering. Delevegg i lasterommet er tatt vekk. Åpning til Lasterom er utvida til 6,2m x 3,3m. Full ståhøgde i lasterom. Hovedmotor er tatt ut, og eit generatorsett på 180Kw er montert inn. Dette driv allt ombord, som kran, capstan, baugpropell og ein frekvens-styrt elektromotor til framdrift.

Framdrift er av typen Schottel. Dette er ein propell som ein snur 360 grader, og gjev båten ein unik manøver-evne. I kombinasjon med baugpropell, så kan båten gå sidevegs og snu rundt sin egen akse. Dette er eit system som ofte er nytta i større og meir avanserte fartøy enn dette. Vidare stikk ikkje båten meir enn 1,5m. Han kan gå heilt fram i fjøra med baugen, og ein kraftig stålkjøl, gjer at han tåler grunnkjenning.

Båten kan ta last opp mot 40 tonn, men dette er avhengig av type last og tyngdepunkt. Vi lastar 42 storsekkar (500kg) med luker over.

Kran er av typen Hiab 175. Denne er 17t/m. Dvs. kan løfte 3450 kg på 4,5m arm, og 1140 kg på 11,8 m arm, og 910kg på 13,8m arm, som er lengste rekkevidde. Ved bruk av manuell forlengar, får vi ei rekkevidde på ca. 16m/500kg.

Vi har også ein capstan i baugen som løftar 3 tonn. Denne er god å ha ved fortøyningsarbeid. Her løftar vi på ein sikker måte tunge lodd over baugen. Vi utfører fortøyning av marina anlegg, flytebrygger og elles alt som treng lodd og anker.

Utstyr for effektiv spyling av not i sjø er montert (sjå eiga side).

Elles så er allt av instrumentering nytt. Moderne radar, kartplotter, autopilot og anna som høyrer til i ein båt.

DSC_1057DSC_11082

(Bilde over) Her fraktar vi 30tonn singel i storsekk.

 DSC_0169DSC_0166

(Bilde over) Frakt av betong i tobber.

DSC_1043

(Bilde over) Kraning av minigravar for graving av hyttetomt.

2016-02-01 12.59.07

2016-02-01 13.00.38

Leveranse på øy utan tilkomst, båt står på sandbotn så langt framme som mulig, mens vi kranar iland material.

DSC_0263

Her hevar vi ei snekke.

DSC_0271

Betong frå renne til tobbe

Bildet over syner betongtransport. Her leverer bil betong frå renne over i tobbe som vi har hengande i kran. Går fort å levere ein bil på denne måten. Vi held båten på plass utan fortøyning.

Comments are closed.